Fiske i Norddal

Bjørnebottvatnet

Bjørnebottvatnet (1150moh), ligg nordvest for Hånådalsreset, omlag midt mellom øvste-Stølen og Vakkerstøylen. Tilkomst til vatnet via vesle-Langdalen frå Øvstestølen, eller opp Steindalen via Knuts-koppen. Norddal Fjellstyre har sett ut fisk i dei fleste vatna tilhøyrande Norddal statsalmenning gjennom ei årrekke. Siste utsetting  i Bjørnebottvatnet var i 2015. 

Djupdalsvatnet

Djupdalsvatnet, 1164moh.  Ligg nær stien mellom Reindalsseter og Tafjordsætra.

Det var utsett fisk i dette vatnet i 2006. 

Fremste Glupen

Fremste Glupen (952 moh) ligg i dalføret mellom Djupdalen og Krynkelvatnet. Det er ei svært bratt og smal stigning opp til vatnet om ein tek seg fram dit frå Grønning via Djupdalen. Norddal Fjellstyre sett ut fisk i fremste Glupen i 2001. 

Illstigvatnet

Illstigvatnet, 1033 moh ligg på ruta mellom Tjønne og Vakkerstøylen. Vatnet er relativt stort i utstrekning, området på sørsida av vatnet er ofte utsett for steinsprang. Langs vatnet på nordsida passerer ein "Illstigen" som er omtalt i ÅST sine tur-ruter. Eit lite "knep"  må passerast der hammaren stuper loddrett i vatnet. Det er utført sikringsarbeid og stien er godt tilrettelagt ved passasjen. Fisken i Illstigvatnet har vore av særs fin kvalitet. Forrige utsetting av fisk i 1994, det vart på nytt sett ut fisk i Illstigvatnet i august 2013.

Ilstigvatnet - Muldalsillstigen

Vatnet ligg omlag 1090moh, på ruta mellom Muldalen og Grøndalen - Ulvådalen. Norddal Fjellstyre har ikkje sett ut fisk her sidan 1983.

Isglupane

Isglupane, 1126 og 1247moh ligg nord for Langfjelldalen. Alternativ for tilkomst til vatna er å følgje Langfjelldalen til elva som kjem ned frå vatna (Isglupelva), for deretter å ta fatt på stigning langsmed elva. Her er delvis sti som ein kan følgje eit stykke på veg. Fine fiskeplassar langsmed vatna.

Fisken i vatna er av god kvalitet, siste utsett var gjort i 2003.

Knutskoppen

Knutskoppen (heimste-  og indste, omlag 1100 moh.).  I tillegg ei lita tjørn vest for det heimste vatnet, der ein også kan få fisk. Bratt stigning opp frå Steindalen ved Knutskoppelva. Gammal sti aust for elva som ein kan følgje. For å nå inn til indste Knutskoppen må ein gå opp i fjellsida nord for vatnet. Det er naturleg at dette er beste passasjen for å nå inn til indste Knutskoppen frå vest-sida. Vatna er også tilgjengelege ved å ta av mot vest frå stien mellom fremste vatnet i Vesle-Langdalen og Bjørnebottvatnet.

Det er god kvalitet på fisken i Knutskoppen, siste utsetting i 2003.

Krynkelvatnet

Krynkelvatnet, omlag 1200 moh er det største vatnet i Norddal statsalmenning, og her finn ein også den største øya i Norddal kommune; Hindenburg. Øya  og bakgrunnen for namnet til øya er omtalt fleire stader, m.a. i John Fylling si bok om "Tafjordfjella". Øya vart for første gong (så vidt ein kjenner til), inntatt  av menneske i 2012. (på sommarstid). Fleire fine fiskeplassar langs med vatnet. Siste utsetting av fisk var i 2006.

I særs harde vintrar har det blitt kort sommarsesong ved Krynkelvatnet, ikkje uvanleg at vatnet har vore islagt til langt ut i august. 

Kulevatnet

Kulevatnet, 1150 moh. Tilkomst frå Langfjelldalen på fleire stader, eller ein passerar vidare frå høgda mot aust frå Isglupane. Gode tilhøve for fiske. Siste utsetting av fisk i 2015.

Langvatnet

Langvatnet, 916 moh er delt mellom Norddal og Rauma, med grense omlag midt på vatnet. 

Fiskerikt, fisken formerar seg på naturleg måte. 

Skjerveløypet

Vatnet ligg omlag 1235moh, på sti nordvest for Reindalsseter i retning Tafjordsætra. Det vart sett ut fisk i dette vatnet i 2006.

Sylkoppvatnet

Sylkoppvatnet, omlag 1100moh, Tilkomst frå Steindalen, sti på nordsida av elva. Terrengert består hovudsakeleg av ur på nordsida av vatnet. Siste utsetting av fisk i 1994 og 2013.

Varland

Varland, omlag 1000 moh. 2 fiskevatn. Tilkomst frå Langfjelldalen. Siste utsetting av fisk i 1994 og 2013.

Fiskekortet

Fiskekort får du kjøpt:

Inatur.no 

På ÅST si hytte Tjønnebu

- I sjølvbeteningskasse på Grønningsæter 

Vi oppfordrar fiskarar til å levere fangstrapport. Denne kan leverast her.

Prisar 2025