Villrein
I Norddal Statsallmenning er reinen freda.
Valldal villreinområde (Øvstestøl seterlag, Grønning sameige, Grønningsæter grunneigarlag og Norddal fjellstyre) har avtale med Skjåk om jaktavtale.
Desse vert vidare fordelt i Valldal villreinområde etter areal. Løyver som vert tildelt til Norddal Fjellstyre er tilgjengeleg for innbyggera i gamle Norddal kommune. Sjå meir informasjon under.
Trollstigrein
Det har ved nokre høve vore sett ut tamrein i Norddal statsalmenning, seinast i 1999. Stamma er i dag på om lag 35 individ.
Desse har gått under namnet "Trollstigrein", merka med raude øyremerker. Dyra har vore freda, og det har blitt ei etablert stamme etter desse dyra, sjølv om truleg mange kalvar har gått tapt årleg.
Søknad om villreinkort
Folkeregistrert adresse innanfor gamle Norddal kommune sine grenser, 1. november i føregåande år.
Frist 25.05.2025
Søknad sendast til leiar i fjellstyret innan fristen: oveselbo@gmail.com. Dei som sender søknad på e-post må forvisse seg om at dei får svar som stadfestar at søknaden er motteke.
Ungdom født 2005 eller seinare, får rabattert pris på jaktkort gjennom fjellstyret.